Eg veit ikkje kva eg vil bli,
kanskje ein fryktlaus politi?
Kanskje ein bonde på ein gard,
eller kanskje ein bibliotekar?
Eg kan selje bilar konstant,
eg kan jobbe og få meg ein slant.
Det blir keisamt å selje utan stopp,
det hadde gått fælt,
og ikkje heilt topp.
Eg må få den jobben eg vil,
på ein plass der alle er snill.
Ein heilt perfekt jobb har nok ingen,
men kanskje TANNLEGE er tingen?
Å kjempe mot tanntroll og hol
er ein tannleges heilt største mål.
Eg blir heller heime
og tek meg ein blund,
enn å ta i alle personar sin munn.
Eg må få den jobben eg vil,
på ein plass der alle er snill.
Ein heilt perfekt jobb har nok ingen,
men kanskje MUSIKAR er tingen?
Å spele piano og sax
er ein jobb for ein kjempeglad laks.
Ein god pianist kan spele fantastisk,
men kanskje fotball er
litt meir ”drastisk”!?
Eg må få den jobben eg vil,
på ein plass der alle er snill.
Ein heilt perfekt jobb har nok ingen,
men kanskje FOTBALLPROFF er tingen?
Stå opp frå senga klokka ni,
etterpå trene ein time eller ti.
Denne jobben har eg lyst til å ha,
og bli som Solskjær og Louis Saha!
Eg må få den jobben eg vil,
på ein plass der alle er snill.
Ein heilt perfekt jobb har nok ingen,
så FOTBALLPROFF er nok tingen!